Studentorganisasjon ved Norsk Hotellhøgskole – Stolt arrangør av den årlige karrieredagen for studentene på NHS – Utlyser stillinger på vegne av hotell- restaurant- og reiselivsnæringen

Visit Sognefjord søker ny markedssjef! (Utløpt)

Sverre_Hj-rnevik

Visit Sognefjord AS er destinasjonsselskapet for Sognefjord-regionen – eit av dei største og beste reisemåla i Norge med attraksjonar som Flåmsbana, Sognefjorden, Jostedalsbreen, Jotunheimen og aktivitetsbasert turisme heile året. Selskapet driver internasjonal og nasjonal marknadsføring og er pådrivar for produktutvikling og kompetanseheving i regionen. Vi har klare mål om å utvikle Visit Sognefjord AS til å bli eit av Norges mest profesjonelle destinasjonsselskap. Visit Sognefjord AS er eigd av 200 bedrifter og 9 kommunar, og samarbeider tett med Fjord Norge, Innovasjon Norge og reiselivsaktørar på Vestlandet. Kontorstad er Sogndal. Selskapet har 6 tilsette og ein omsetning på NOK 9,5 mill. Søk «Prospekt Visit Sognefjord» på Google for meir informasjon om selskapet.

Vår erfarne marknadssjef søker nye utfordringar, og me er på leit etter ein ny, kompetent arvtakar til stillinga.

Marknadssjef
Visit Sognefjord har ein aktiv marknads- og salsavdeling som bearbeider eksisterande og nye marknader og kundar, samt legg til rette for utvikling av nisjemarknader for særskilde produkt. Marknadssjefen har budsjettansvar og er ansvarleg for overordna profilarbeid, utvikling av eigna marknads- og salsverktøy, og fordeling av marknadsressursane i ulike kommunikasjonsflater som t.d. web, sosiale media, trykt materiale, kampanjar, annonsering mm. I tillegg omfattar stillinga marknads- og salsrelatert arbeid, tilrettelegging/oppfølging av presse- og visningsturar i regionen og relevante oppgåver i teamet, samt utvikling og oppfølging av marknadsstrategiar og marknadsplanar.

Marknadssjefen arbeider tett med teamet, næringa og samarbeidspartnarane våre. Vi søkjer ein kreativ, initiativrik og sjølvstendig person som har gode samarbeids- og strategiske evner, og som er utviklingsorientert. Du må ha høgare utdanning og erfaring frå marknadsføring/sal/reiseliv. Nødvendige eigenskapar:

  • Marknadsførings- og salskompetanse
  • Utprega evne til relasjons- og nettverksbygging
  • Reiselivskunnskap
  • God framstillingsevne skriftleg og muntleg på norsk og engelsk

Me kan tilby eit kreativt og fokusert arbeidsmiljø på Fosshaugane Campus i Sogndal, fleksibilitet i stillingen og gode betingelsar. Stillinga rapporterer til reiselivsdirektøren.

For meir informasjon kontakt reiselivsdirektør Ståle Brandshaug (mob: 90961179). Søknad med CV sender du til Visit Sognefjord AS stale@sognefjord.no innan16. september 2015. Merk: søknadene vert vurdert fortløpande.

FB-link:

https://www.facebook.com/photo.php?fbid=10206399146150828&set=a.10206399177311607.1073741827.1033426216&type=1 

Web-link:

http://www.sognefjord.no/no/OM-REGIONEN/marknadssjef/

Finn ut meir om oss og Sogndal her:
www.sognefjord.no
Online-magasin brukt i Norgeskampanje 2015
Om miljøet på Fosshaugane Campus i Sogndal 
Om Fosshaugane Campus
#visitsognefjord

Informasjon

Dette innlegget ble postet den august 15, 2015 av .
Karrieredagen 20173. oktober 2017
Den store dagen er her.