Har du ynskje om å teste ut ein arbeidsplass i naturskjønne omgivelsar for ein tidsbestemt periode? Enten gjennom sommaren, eller ein lengre periode? På Myrkdalen Hotel har me tilgjengeleg stillingar innanfor resepsjon og booking, både i vikariat og sommarjobb. Me kan vera behjelpelege med losji. 

MYRKDALEN HOTEL
Myrkdalen Hotel på Voss er eit fullservice heilårshotell med driftsgrunnlag i nasjonal og internasjonal turisttrafikk og kurs/konferanse. Hotellet har 112 rom og seks F&B konsept.

Eigenskapar
Me søkjer deg som er nøyaktig, utadvendt og løysingsorientert. Er strukturert med gode organisatoriske eigenskapar. Du er profesjonell og personleg og har godt humør i møte med gjester, medarbeidarar og samarbeidspartnarar.

Arbeidsområde
– 
Kontinuerleg oppdatering av belegg og prisar
– Behandla bookingførespurnadar for hytter og leilegheiter, samt hotell
– Vera ein nytenkjande og aktiv pådrivar for meirsal
– Kundehandtering ved både sentralbord og resepsjon
– Oppfølging turoperatør for bookingar av overnatting og aktivitetar

Kvalifikasjonar
– 
Ynskjeleg med tidlegare erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver innan hotell, destinasjon e.l.
– Høgskule/universitetsutdannelse med reiseliv/hotell/økonomi
– Gode IT-kunnskapar. Erfaring frå hotellsystema Suite8 eller Opera, City Break eller liknande er ein fordel men ikkje eit krav. Du evnar til å setja deg inn i nye system.
– Skriv godt nynorsk og engelsk

Me tilbyr
– 
Ei spanande og variert 100 % stilling vikariat i eit hyggeleg og hektisk arbeidsmiljø. Du får høve til å jobba både sjølvstendig og i tett samarbeid med andre avdelinger i destinasjonen.

Kontaktinformasjon
Søknad sender du til bookingsjef Camilla Øyjord camilla.oyjord@myrkdalenhotel.no.
For meir informasjon ta gjerne kontakt på telefon +47 56 52 30 49

Søknadsfrist
Omgåande

Resepsjonist vikariat på deltid og sommarvikar

Eigenskapar
Me søkjar deg som likar å bli sett, torer å stilla spørsmål og tek eigne initiativ. Du er profesjonell og personleg og har godt humør i ditt møte med gjester og kollegaer.

Arbeidsområde
– Behandla innkomande førespurnader på telefon og mail
– Innsjekk og utsjekk
– Individuell og gruppebooking
– Fakturering
– Førefallande arbeid
– Myrkdalsvert

Kvalifikasjonar
– Har erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver innan hotell, destinasjon e.l.
– Norsk og engelsk munnleg og skriftleg

Me tilbyr
Ei spanande og variert stilling i eit hyggeleg og hektisk arbeidsmiljø.

Kontaktinformasjon
Send søknad til Berit Klette Norheim: berit.klette.norheim@myrkdalenhotel.no. For meir informasjon ta gjerne kontakt på telefon 56 52 30 61.

Søknadsfrist
Omgåande

MYRKDALEN FJELLHEISER
Skisenteret har ni heisar fordelt på to seks-setar ekspressheisar, tre t-krokheisar, tre tallerkentrekk og eit saktegåande rulleband for dei minste. Frå heisane når ein 22 preparerte løyper i ulik vanskegrad. Myrkdalsstovo er velkomstsenteret vårt. Her sel me skikort og ei rekkje daglegvarer. I tillegg har me ein koseleg kafé.

Myrkdalen Fjellheiser har for tida ingen ledige stillingar.

MYRKDALEN SKISKULE
Myrkdalen er ein av Norges mest snøsikre destinasjonar, og i ein stadig veksande marknad ser me etter fleire dyktige medarbeidarar.

Instruktørar
Me ser etter personar som er interesserte i å utvikle seg i tråd med vår destinasjon, og som ynskjer å utvikle seg både pedagogisk og skiteknisk. Arbeidskvardagen består i undervisning, aktivitetar og tilrettelegging. Sidan hovudmengda av våre gjester er norsktalande er det nødvendig å snakke norsk ( evt. svensk/ dansk). Me ynskjer personar som er sjølvstendige, har gode samarbeidsevner og har fokus på å ville vere ein del av eit godt arbeidsmiljø. Som fast ansatt er det et minimum å ha internasjonalt godkjend trinn 2 utdanning ( IVSI).

Send søknad til jill.garen@myrkdalen.no